Eg har besøkt Hemmeleg restaurant mange gonger sidan opninga, og vert kvar gong like glad av å vere der. Lokalet er godt å vere i, med roleg jazzmusikk og fine fargar, og servitørane er blide, vennlege og kunnskapsrike. Maten er likevel det viktigaste for meg, og på Hemmeleg toppar maten opplevinga - kvar gong. Kort sagt kan det oppsummerast med to ord: Fargefest og smaksfest. Overraskande, men vellukka råvare- og smakskombinasjonar får ein, både i den gule og i den blå, hemmelege delen. Sesongens grønnsaker, bær og frukt blir brukt til å lage flotte, smaksrike og fargerike rettar. Du kan velje rettar frå open meny i den gule delen, besøke det blå rommet og få ein hemmeleg 3-rettar, eller bestille matkasse til å ha med heim. Anten du vel å nyte maten eller ta med mat heim, kan du vere sikker på å få ei nydeleg, førsteklasses matoppleving. Sist vi hadde gleda av å ete mat frå Hemmeleg, bestilte vi ein hemmeleg 3-rettars meny til å ta med oss heim. Som vanleg vart vi gode og mette og svært fornøgde med maten.