Treng ikkje reise nord om Storfjorden for å smake god sushi lenger! Sushien servert i kveld (sushi event) var veldig god. Det var ein type nigiri og 3-4 maki. Utvalget av sushi er foreløpig enkelt(ved dagens buffet), men dei treff godt med riskonsistens og smak. Vil råde til soyasaus av typen kikkoman med grøn kork til sushien deira, men dette er personleg preferanse.
Må trekke fram at dette er av dei betre eg har smakt i si prisklasse. Syns at den kvalitetsmessig godt kunne vore prisa høgare, men då gjerne med litt større utvalg av same gode kvalitet.