Vi har tidligare kjørt gjennom Gol ved fleire høve og det har alltid vore vanskeleg å finne ein god etestad - fram til vi prøvde relativt nyetablert Casa Nostra like ved Pers Hotell. Vi blei møtt av høfleg og effektiv betjening, fekk bestilt mat og drikke utan venting, og pizzaene blei servert raskt. Pizzaene var svært gode og kan måle seg med dei beste pizzarestaurantane vi har vitja i Norge (Bergen, Oslo) og i andre europeiske storbyar, inkludert italienske byar. På menyen var det fleire raude og kvite pizzaer, inkludert klassiske italienske forettar og dessertar. Det var også mogleg å få Peroni på tapp. Det var ikkje overraskande då vi fant ut at fleire av personalet er italienske.
Vi var svært fornøyde med maten og servicen, og kjem gjerne att. Dette er sansynligvis den beste pizzarestauranten i regionen.