Var på tur ilag med 3 barn frå 10 til 14 år. Budde 3 netter. Passelig lengde og du fekk då inkludert inngang til tropicana. Dette gjorde at vi kunne bade eit par timar kvar dag, istadenfor å bade berre 1 gong f.eks. Ikkje så stort badeannlegg, men kjekt å bade 2-3 timar i slengen uansett. Litt dumt at eine sklia ikkje var åpen.
Veldig god frukost og middag!
Budde på familierom med hems, 5 sengar og sofagruppe. Utrulig stort og praktisk rom, og veldig koselig å sitje der på kvelden å spele spel og kort. Har lest tidlegare anmeldelsar om at det trengst oppussing, men syns dei fleste plassar var fine! Veldig kjekt å vere på eit hotell med så mange opplevelsar og så fint tilrettelagt.
I spelehallen var halvparten av tinga i ustand, det var litt dumt.
Det var og mange stadar med sofa, der ein og kunne sitje å spele spel om ein ikkje hadde sofagruppe på rommet.
Vi hadde eit kjempefint opphold!Mer
- Gratis Wi-Fi
- Gratis parkering