Stalheim er ein plass eg hugsar frå langt tilbake. Var her med mine foreldre og då bare for og få kjøre Stalheimskleivane, ikkje overnatte. Har kjørt dei fleire gonger seinare og alltid vært imponert over beliggenheten. Kom opp her på ettermiddagen i eit fantastisk fint vær og vart godt motteken i resepsjonen. Fekk rom i 3 etasje med DEN utsikten. Var nede og fekk med ei kald øl ut på utsikten og det er nok bare og få sitta her og sjå på all den flotte naturen som er rundt her. Dette er eit gammalt hotel med mykje historie både i `veggane` og med div møblar og ting som er samla frå langt tilbake. Det er ikkje så mange som reiser i desse (corona) tider så me var ikkje mange i spisesalen te kvelds , desverre. Bestillte Ytrefilet og den var bare heilt perfekt med tanke på steiketid og mørhet. Pavlovaen på slutten satte prikken over ien! Ser nok at dette hotellet kanskje (seier kanskje?) skulle hatt ein liten oppjustering, men på den andre sida,kvifor? Kvifor skal alle hotel vera så ` upp to date` og fancy? Neida her er ikkje tv på rommet? Gjer ingenting. Her er ikkje minimalistisk interiør? Gjer ingenting. Her er ikkje 20 puter du må flytte på for og få sova? Heldigvis.
Men og få legge seg i ei god seng med duren av fossen i bakgrunnen mens sola går ned bak mektige fjelltoppar er verdt meir enn fancy innredning. Neste gong eg er på desse kantar så seier det seg sjøl kvar eg skal overnatte, det blir her!