Den grøne kafe ligg i første etasje med Haugesenteret over. Namnet har kafeen fått etter eit dikt av Rimbaud, oversett av Olav H Hauge. Eit besøk her er eit absolutt must om du er i Ulvik. Vil påstå at fish`n chipsen også er verdt ein liten omtur! Fisken er laga av ferske råvarer fra Bergen, og chipsen er sprø. Om det er ein einaste ting å utsette, må det vere at aiolien var så nydeleg at du helst vil be om meir.
Fiskesuppa hadde ein deilig tekstur, og kokken har eit instinkt for å kombinere utsøkte smakar, også her dei beste råvarer.
Kafeen ligg idyllisk til ved foten av Ulvikafjorden, servicen er ypperleg og atmosfæren veldig god. Mine varmaste anbefalingar.